|
|
| |
| |
| |
1 | Intro: Ull Kjem
|
| 2 | Skuggsjá
|
| 3 | Makta Og Vanæra, For All Tid
|
| 4 | Tore Hund
|
| 5 | Rop Frå Røynda - Mælt Frå Minne
|
| 6 | Skuggeslåtten (Instrumental)
|
| 7 | Kvervandi
|
| 8 | Vitkispá
|
| 9 | Bøn Om Ending, Bøn Om Byrjing
|
| 10 | Outro: Ull Gjekk
|
| | Total playing time: 60:21 |
|
Ivar Bjørnson: vocals, guitars, bass, keyboards
Einar Selvik: vocals, taglharpa, Kravik-lyre, goat-horn, birch-bark lure, bone-flute, percussion, electronics
Grutle Kjellson: vocals
Lindy-Fay Hella: vocals
Eilif Gundersen: birch bark lure
Olav L. Mjelva: Harding fiddle
Cato Bekkevold: drums |
|
Released March 11, 2016 |
|
| 1. Intro: Ull Kjem
Dette var eit land, lenge før det var eit land
Før me kom, bygga og sleit det ned
Hova reiste seg, og hjarta brann
Me lytta, ofra og søkte fred
Deit bygde hus i hjarta sine
Til mi søster, bror, min far og mi mor
Dei gjorde vinteren trygg for |
|
Haldt liv i flammen of frøa i jord
Nye tankar kom med sverd og kniv
Om at mange skulle bli en
Fri og dauden, eller trell og liv,
Og no er natta her, og timen sein
2. Skuggsjá
Tid er å teie
Til togna tru seg
I spegelen spyrje
I spegelen sjå
Høgt me har klatra – i rotrlaust tre
Høgt me har timbra – på grunlaus voll
Tåka tetnar – alt er kvitt
Tåka tetnar – alt er svart
Skuggsjá – eg ser deg i meg
Stien klarnar
I atturljom – du visar veg
Togna talar
Skuggsjá – eg ser deg i meg
Viljen vakar
I atturljom – du visar veg
Hugen hugsar
Tid er å tale
Tre ut or tåka
For sanninga stride
For sanninga stå
Hugs han som tvinga si truMed kross og kniv
Hugs han som tvinga si tru
Med sverd og svik
Med tusen års styrke – eg seier
Med tusen års styrke – eg syng
Skuggsjá – eg ser deg i meg
Kvil i nid
I atturljom – du visar veg
Kvil i nid
Skuggsjá – eg ser deg i meg
I atturljom – du visar veg
Kvil i nid
3. Makta Og Vanæra, For All Tid
"Ingen pliktar å velje ei einsleg sanning
Men ein skuldar seg sjølv å sjå
Med åpne augo
Bak alle dører
Og bak dei mørke forheng
Korfra svart skodde sig
Også desse hjørna må vitjas
Før ein kan sei ein har vald
Spegelen gjer tilbake
Alt som er gjeven
Og fortel ingenting
Om flata alt er måla
Den som tek vekk det levde
Som set inn det skrevne
Må sjå sitt minne døy for Sterkare penn"
Der mange såg
Skal no ein blind leie
I di tid
Der elskande lo
Skal no dei gamle sørga
I ditt namn
At jorda rik av dauden vert
Er ikkje lengre hevda
I di soge
Tørka opp og gjøymd vekk
Mørkrets hemmelege gåver
I di kyrkje
Dei ber fram
Ein far for alle borna
I di tid
Ein som gløymer dei
Som ikkje herskar
I ditt namn
Sjå, dei gøymer seg
Bak flammar og klede
I di soge
Og sanninga vert knyta
Til hengeløkker
I di kyrkje
Makta og vanæra
I all tid
Er di, og du er gløymd
For all tid
Høyr tekstar om vern og skjold
Gjeld berre eiga makt
I di tid
Dei bygga tårn av lika
For nærare å komme
I ditt namn
Ein vinnar i ord
Av slag som aldri sto
I di soge
Ein tenar i svovel
Ein herskar i kjøt
I di kyrkje
Dei vil så gjerne sjå
Og blindast av ljoset
I di tid
Sleper på et arv
Som ingen ville ha
I ditt namn
Kjenner ikkje att
Sitt eige indre eg
I di soge
Fryktar for skugge
Og fryktar for spegl
I di kyrkje
Makta og vanæra
I all tid
Er di, og du er gløymd
For all tid
4. Tore Hund
Ørna har stupt
I gløym-svevn kvilar
Kråka har kraksa i ørnereiret
Trudd seg orna lik
Gjetord gjevt
Vann du aldri
Låk var din løn
Brottkongens bane
Folket fylka
Flokkar fyl-g-de
Uår trossa
Bondebærs brande
Fram fram Bondemenn
Tore Hund han ris igjen
Fram fram Bondemenn
Or gløym-svevn han ris igjen
Sjølv etter han døde
Nyt nidkongen føde
Matar seg mett
På makt og visdomsøde
Renkjespelt rykte
Fekk vekse fram
Fordummande veldet
Forstummande veldet
Tre utan næring
Rotnar på rot
Tre utan rot
Fell
Fram fram Bondemenn
Tore Hund han ris igjen
Fram fram Bondemenn
Or gløym-svevn han ris igjen
5. Rop Frå Røynda - Mælt Frå Minne
Svarte vingar
Flyg i ringar
Hugen hastar
Vil i veg, vil ut og fram
Høyr - ravnegala
Rop frå røynda
Frå kjømda kallar
Tankars vekst av tankar veks
Høyr - korpekalla
Gala frå glømsla
Mælt frå minni
Djupt og inst inn i dei gjel
Om eg veljer
Vrir og vender
Om eg vågar
Spør og sender –sjå eg veks
6. Skuggeslåtten (Instrumental)
(Инструментальный)
7. Kvervandi
Liv av kvar ein død,
Død av kvart eit liv
Liv av kvar ein død,
Død av kvart eit liv
Hjulet syng om ringar,
Ikkje linjar
Solsultne vargar,
Drøsular jagast
Skinande Sol
Kvervande hjul
Liv av kvar ein død,
Død av kvart eit liv
Deg sjølv gjeven deg sjølv
I eit vindhalt tre,
Kunnskap krevjar det
Nornar, spinn
Lagnad, vinn
Kvernar, mal
Hanar, gal
Hagal, høgg
Is bli vann
Hjarte slå
Akre så
Kvart eit pust,
Kvart eit slag,
Kvar ein dag kjem på ny
Kvervandi
Or gap Ginnunga
Du er, du var, du vert, du vinn, du veks
Du vaknar
Liv av kvar ein død,
Død av kvart eit liv
8. Vitkispá
Hljóðs bið ek allar helgar kindir,
Meiri ok minni mögu Heimdallar
Viltu, at ek, Valföðr! vel framtelja
Forn spjöll fíra, þau er fremst um man
Þá gengu regin öll á rökstóla,
Ginnheilug goð, ok um þat gættusk
A gengust eiðar, orð ok sœri,
Mál öll meginlig er á meðal fóru
Sól tér sortna, sígr fold í mar,
Hverfa af himni heiðar stjörnur
Geisar eimi ok aldrnari,
Leikr hár hiti við himin sjalfan
Þá gengu regin öll á rökstóla,
Ginnheilug goð, ok um þat gættusk
Skelfr Yggdrasils askr standandi,
Ymr it aldna tré, en jötunn losnar
Geyr nú Garmr mjök fyr Gnipahelli,
Estr mun slitna en freki renna
Fjölð veit ek fræða, fram sé ek lengra
Um ragna rök römm sigtíva
Bræðr munu berjask ok at bönum verðask,
Munu systrungar sifjum spilla
Skelfr Yggdrasils askr standandi,
Ymr it aldna tré, en jötunn losnar
Sér hon upp koma öðru sinni
Jörð ór ægi iðjagræna
Falla forsar, flýgr örn yfir,
Sá er á fjalli fiska veiðir
Sal sér hon standa sólu fegra,
Gulli þakðan á Gimléi
Þar skulu dyggvar dróttir byggja
Ok um aldrdaga ynðis njóta
9. Bøn Om Ending, Bøn Om Byrjing
No har siste blome sprunge ut
Det finst kraft i svartbrend jord
No har den siste kjelda tørka
Det finst berre daud att i berg og stein
Eldsønene trampar ut av Ur-heim
Dei som skapa skal riva ned
Lenkjene smuldrar, latteren gjallar
Eiteren renn i frå ormens gap
Vargen gøyr mot den hengte gud
Visdom kan ikkje brista hat
Kjærleiken kvelesti flammar frå sør
Daudens nagl skrapar i panna
Det som vart gøymd vekk, det veltar no fram
Den frie tanke og indre auge
Som volva sa skal vi kjempa og døy
Vårt ekko skal ljome i tida
Høyr vår Ulvetone
Heilt til Utgard berast han fram
Og la sola sveljast heil
Og la markast dyrkast opp på ny
Tankane har råtna
Og buskapen den svelt i hjel
So lat lenka slitast av
Så åkranem spirar på nytt
Dei trør på Gudekvinna
Dei slaktar utan sult
Lat det heile brenne ned
Høyr skogen pustar på nytt
Makta føre hjarta
Eigen sømm før æra si
Ingenting til Ingenting
Lat oss fødast på ny
På ny
10. Outro: Ull Gjekk
Spelemannens tonar lurer
Minner om ein stad
Langt der nede, vekke
Lat oss lokkast, lat oss springe
Kom, bli med i natta
Djupare inn i skogen
Kor naturen kviskrar
På språk ingen lenger bøyrer
Menneskeborna - dei vart vår bane
Me ga dykk de trengde
Me skaff ly og me skaffa liv
Guden i steinen er no taus